top of page

Viktig informasjon

Kontaktinformasjon

Røde Kors: 88001121
Linn Therese:  97983305

Viktig informasjon

Dersom du må bryte løpet undervegs er det svært viktig at det blir gitt beskjed på telefon. Nummeret blir sendt på SMS dagen før løpet. Skulle det skje uhell eller at du treng assistanse ta kontakt med Røde Kors på telefon: 88 00 11 21
 

Har du andre praktiske spørsmål eller noko du lurer på før, under eller etter løpet?
Ta kontakt med Linn Therese på telefon: 97983305
Vi ynskjer at flest mogleg skal nytte seg av felles buss til start då det er vanskeleg med parkering i Kvalsvika. Møt opp i god tid før bussen går frå Thon Hotel Fosnavåg. 

Skiftekle og tørrekle – mulig å få utdelt i målområdet
Ved utdeling av startnummer får alle deltakarar utdelt ein tøy bag. I denne bagen kan du pakke tørre kle/skiftekle og sko. Merk den godt med namn og startnummer, og lever den ved start i Golleneset. Bagane blir frakta til målområdet i Goksøyra. Her finn du bagen din når du kjem i mål. Skulle du måtte bryte undervegs så blir alle gjenverande bagar frakta til Thon Hotel Fosnavåg, og du får den tilbake der etter løpet er ferdig.

Matstasjonar og toalett undervegs
Langs løypa vil du finne 8 forskjellige matstasjonar. Alle med variert utval av energipåfyll. Vi har eit fantastisk samarbeid med alle grendalag, sanitetskvinner og kvalifiseringssenter som vil gje deg som løpar ei fin og energirik oppleving. Du vil få servert energibarar, frukt, nøtter og væskepåfyll. Det vil vere toalett tilgjengeleg undervegs i løypa.

Vi spring for ei god sak

I heile Fyr til Fyr si historie så har vi sprunge for ei god sak. Fyrste året samla vi inn pengar til Røde kors og ei ny fjellbåre. I fjor sprang vi til inntekt for Barnekreftforeininga. I år spring vi til inntekt for forsking på Barnedemens! Kvar deltakar får eit grønt armeband ilag med startnummer. Vi håper at du har lyst å springe med det gjennom løpet, eller bruke det i etterkant. Syver Blindheim og familien har rørt oss med sin kamp mot Barnedemens, og innsamling til meir pengar til forsking på denne grusomme sjukdommen. Vi håper at alle deltakarane har lyst å vere med på denne store dugnaden.
 

For meir informasjon, og muligheit til å vere med å gi. Sjekk denne spleisen:

«Slå hjerte, slå»

Fosnavåg Sentrum

I Parken i Fosnavåg sentrum vil det vere stand med mat og drikke av kvalifiseringssenteret gjennom heile dagen. Ein fin plass å heie fram deltakarane! Butikkane i sentrum held ope, og vi håper på god stemning i heile sentrum.

Langs løypene
Vi oppfordrar publikum til å møte opp langs løypene for å heie på alle dei rå deltakarane. I målområdet i Goksøyra vil Sanitetskvinnene sørge for god mat og drikke til alle som vil kome innom. Kom å vere med å heie gjengen i mål!

Vi gler oss til å skape Fyr til Fyr 2025!
Takk for at du er med, Velkommen til Fosnavåg!

Fyr til fyr .png
bottom of page